Du er her: Hjem / Sampleren / Klangsamleren /

KLANGSAMLAREN
Av Ida Habbestad

I slutten av april byrjar eitt av Grieg 07 sine prosjekt for unge. Ei rekkje barn på sjette klassetrinn ved barneskulane på Stord vil gjennom to veker delta i ”Klangsamlaren”, som er inspirert av korleis Grieg i fleire av verka sine nytta naturen og naturlydar som inspirasjonskjelde. Barna vil møta musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester og BIT20 Ensemble, som er med dei i arbeidet med å skapa eigne komposisjonar – før det heile munnar ut i ein stor avslutningskonsert der musikarane og borna framfører komposisjonane.
Me har snakka med den eine av leiarane for prosjektet, Tim Steiner, som gjennom meir enn 20 år har arbeida med ensemble beståande av profesjonelle, amatørar,
nybyrjarar og barn.

Det er lydar frå Stord som vil vera utgangspunkt for barna sine komposisjonar, forklarer Steiner:

- I dette prosjektet vil barna gå på turar i sine nære omgjevnader, seier han. - Her vil dei lytta nøye til lydane, og dei vil ta opp dei lydane dei finn interessante. Dette blir overført til en datamaskin, og så, gjennom å nytta enkle lydredigeringsprogram, vil dei kunna nytta lydane til å laga nokre korte, konkretmusikk-stykke.

Barna vil arbeida ut frå ulike tema; eitt av dei er morgon.

- Eg vonar nokre av barna vil melda seg frivilleg til å ta opp lyden av daggry, smiler Steiner.

Etter innsamlingsprosessen, vil så 75 musikarar frå Bergen Filharmoniske Orkester og BIT20 Ensemble fremføra resultatet av prosjektet.

Kva rolle vil barna ha under konserten? 

-  Flesteparten av barna vil spela i lag med BFO, anten dei har sine egne instrument,  eller dei har instrument som tilhøyrer skulen, seier Steiner. -  Konkretmusikk-stykkene vil dessutan framførast med nokre av barna som lydprosjekterarar. Og all musikken barna komponerer vil vera nært knytta til resten av orkesterets program.

Å gjera andres idear til sine eigne

Ein ting er å nytta lydar frå naturen – ein annan å nytta andre sitt materiale. Nokre unge musikarar skreiv nyleg ein artikkel i Bergens Tidende der dei hevda at Grieg var ein tjuv, som stal materiale frå folkemusikarar og nytta det i komposisjonane sine. Når barn komponerer – kva former for grenser har dei; kor langt kan dei ta eit materiale før dei blir møtt med den same skuldinga?

- Alle stel. Mozart og Beethoven innrømte gladeleg at dei stal idear og tematisk materiale. Det er kva du gjer med det stolne materialet som er viktig. I Grieg sitt tilfelle, transformerte han element frå folkemusikken til noko nytt og personleg for han. Dette er akkurat det same som barn gjer når dei nyttar andres idear. Når dei lukkast, har dei laga eigne idear; som er personlege og unike, seier Steiner, som meiner det er høgst sannsynleg at barna vil gjera bruk av innspelingar av Grieg sin musikk i verka sine.

Sjølv har Steiner eit sterkt forhold til komponisten – som byrja då han sjølv var barn:
- Griegs Peer Gynt Suite var den første plata eg hadde då eg var liten, fortel han. - Det var ei innspeling med the Royal Philharmonic Orchestra og eg kjøpte den for 89 pence. Eg huskar at eg lytta til den om og om igjen – og den opplevinga av denne repeterte lyttinga har alltid vore med meg. Kvar gong eg kjem attende til desse stykkene, minner dei meg om den ungdommelege opplevinga av å høyra stor musikk for første gong.

Barn er opne for utforskande idear
Det er ikkje første gong Tim Steiner arbeider i Noreg. For nokre år sidan var han involvert i ”Løp Lokk og Linjar” i lag med BIT20 ensemble; også det ein nokså gigantisk produksjon med mange musikarar og barn involverte.
Opplever du nokon skilnad mellom måten ein arbeider i Noreg samanlikna med England?

- Orkestrene i England har utforska utdannings- og samfunnsbasert arbeid i omlag 25 år – og gjennom denne tida har det blitt ein normal og akseptert del av aktiviteten deira. Det kjenst som denne måten å arbeida på er noko ferskare i Noreg. Dette gjer at arbeidet kanskje får meir umiddelbar energi og begeistring – og mange musikarar har vore gjennom ei bratt læringskurve, seier Steiner.

Avslutningsvis – kvifor er du sjølv så interessert i arbeidet med barn?

- Ikkje noko profesjonelt kor i heile verda kan skapa ei klang som er så unikt vakker som ei gruppe lidskaplege og entusiastiske barn og deira uskulerte barnestemmer, seier Steiner. - Det er så mange lydar som berre barn kan laga!

- Og barn over heile verda har ein tendens til å vera meir opne for utforskande idear enn vaksne. For nokre år sidan leia eg ei framføring av Cage sin 4’33 med barn. Dei tilnærma seg framføringa med ein overveldande entusiasme og begeistring, og dei arbeida hardt for å halda fokuset og intensiteten. Framføringa var eksepsjonell.  Den same kvelden vart verket framført av eitt av London sine leiande profesjonelle symfoniorkestre. Dei lukkast ikkje halda seg i ro på same måte.
 
Avslutningskonserten finn stad 10 mai i Nyehallen i Vikahaugane Stord Sportssenter. Progammet vil bestå av to norske danser av Grieg, to satser av Knut Vaages ”Odyssé” (Rekomponering av Griegs op. 54, 2002) i tillegg til barnas komponerte musikk og elektroniske arbeid. Konserten er kl 17.00, med open generalprøve for skulene kl 13.30.

Til saman 280 elevar frå Huglo skule, Hystad skule, Langeland skule, Leirvik skule, Litlabø skule, Rommetveit skule, Sagvåg skule og Tjødnalio skule deltek i prosjektet, som er eit samarbeid mellom Grieg07, Bergen Filharmoniske Orkester, Høyskolen Stord Haugesund og BIT20.
 
 


Klikk her for å få en utskriftsvennlig version av denne siden.Utskriftsvennlig version